Kunnskap er ei avleiing frå verbet kunna; verbet å kjenna er i slekt. Å kunna vil me ofte seia er eit ord for å greia; få til. Slik sett avslører det at kunnskap og kunst òg er i slekt, sjølv om det første har med fag og vitskap å gjera, det andre handlar om kreativitet. Eit vidt landskap av meining har altså opna seg.»
Sylfest Lomheim i avisa Klassekampen 15. juni 2022.